fredag 25. mars 2011

Mitt første blogginnlegg

Hei, og velkommen til min treningsblogg!

Dette er mitt første blogginnlegg, så eg veit ikkje heilt korleis alt dette fungerer skikkelig enda, men eg tar tida til hjelp. Her kjem eg hovudsakleg til å føra treningslogg, men eg kjem sikkert også til å posta andre innlegg om trening eller sport, som interesserar meg. Men først litt om meg og mitt mål med trening.

Eg er altså ein kar på 20 år, jobbar fulltid som lærling i cnc fag. På fritida trenar eg, eller finn på anna skøy. Eg trenar ikkje så felt mykje, men eg trenar veldig variert. Eg trenar frå 2 - 4 ganger i veka, men skal prøva å stabilisera det til 3 - 6 ganger. Eg trenar bl.a. kondisjon, styrke, fotball, basketball, volleyball ol. - Men sant må seiast at alle øktene ikkje er lika harde!

Mitt mål er å:
- Setja nye rekordar på alle løp som eg tidlegare har deltatt på. bl.a. 400m(63,4sek), 800m(2,22min) og 3000m(ca11,50min) ++

Eg er ikkje i min livs beste form for tida, derfor starta eg denne bloggen. Kanskje eg får litt ekstra inspirasjon og motivasjon slik at eg kan tukta desse gamle rekordane?
Førstkomande mandag skal eg gjera ein test, for å sjå korleis formen ser ut. Eg skal springa ei ruta som eg tidlegare har sprunget på ca 12.45. Det vert ein spanandes tur, så lenge det ikkje er dårleg føre - for då vert ikkje tida reel.

No i kveld tenkje eg att eg skal ta ei treningsøkt på det lokale treningssenteret.

God kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar